←
Bitmynt24,487 posts
Bitmynt avatar

Bitmynt

@bitmynt

Verdas eldste og beste bitcoinvekslingsteneste. Kontinuerleg drift sidan 2010. Twitrar på vegner av vanvittig mange.

◷ Joined January 2022▧ 2,389 Photos and videos
Bitmynt avatar
Bitmynt@bitmynt·Jun 22

Konkurrentane har uttaksgebyr i tillegg. Bitmynt var nesten alltid billigast. Eg forstår dei godt. Kostnadane aukar og dei har fått kapitalkrav i tillegg. Spreaden er framleis lågare enn når du betaler i utanlansk valuta med VISA eller Mastercard.

Bitmynt avatar
Bitmynt@bitmynt·Jun 22

Eg likar å tru at eg har gjort bitcoin-veksling billig her i landet med å skvise mine eigne marginar til eit minimum. Konkurrentane måtte leve opp, og for BTC har spreaden (med gebyr) vore ganske lik. Ei veke etter at vi la ned ser det slik ut. (Tickeren vår går framleis.)

Post attachment
Bitmynt avatar
Bitmynt@bitmynt·Jun 16

Eg ville jobbe med Bitcoin, ikkje med jus, regelrytteri, formalistiske rutiner og absurde krav. Då er det på tide for oss å gå vidare til andre ting. Bitcoin er i gode hender utan Bitmynt. Takk for oss og takk for handelen! 7/7

Bitmynt avatar
Bitmynt@bitmynt·Jun 16

I staden har vi fått på plass ei frivillig ordning med Bare Bitcoin. Dersom du registrerer deg der via denne lenka, får du fratis bb+ i 6 mnd, dvs gratis handel for opp til 21000 kvar månad, gratis uttak osb. Vi deler ingen personinformasjon: bb.no/invitert/bitmynt

Bitmynt avatar
Bitmynt@bitmynt·Jun 16

Fleire har teke kontakt for å kjøpe kundane våre. Det går ikkje. Personvernvilkåra våre forbyr utlevering av personinformasjon til tredjepartar utan at lova krev det. Somme har bydd på selskapet. Å selje selskapet vil vere å omgå regelen. Vi tullar ikkje med personvern. 5/7

Bitmynt avatar
Bitmynt@bitmynt·Jun 16

Det andre målet – å lage ei teneste som gjer det mogeleg å klare seg i Noreg utan bankkonto, med berre ei bitcoin-lommebok og dine eigne nøklar, det nådde eg ikkje. Det er det fleire grunnar til, men detaljane får vi ta på sommarfesten til @BPINorge. 4/7

Bitmynt avatar
Bitmynt@bitmynt·Jun 16

Somme av konkurrentane har eg hjelpt fram sjølv på ulike måtar. Bankane kan ikkje lenger stenge ned Bitcoin i Noreg med å gå etter meg, og då er det viktigaste målet mitt nådd. 3/7

Bitmynt avatar
Bitmynt@bitmynt·Jun 16

MiCA er urimleg. Mi vesle vekslingsteneste – ikkje oppbevaringsteneste – vert underlagt dei same krava som finansinstitusjonar med stort ansvar for andre folk sine pengar. I 2010 var eg åleine. Mindre seriøse har komme og gått. No har eg derimot god konkurranse. 2/7

Bitmynt avatar
Bitmynt@bitmynt·Jun 16

Bitmynt stengjer. Då eg starta med veksling i 2010 var det ingen regulering og Bitcoin vart av dei fleste sett på som leikepengar på nett. Sidan har det vore ein lang kamp, spesielt mot bankar. I 2018 kom ny kvitvaskingslov. Det vart mykje meir jobb, men ikkje urimleg. 1/7

Bitcoinpolitisk institutt Norge avatar
⟳ Bitmynt retweeted
Bitcoinpolitisk institutt Norge@BPINorge·Mar 6

BPI trenger din støtte for å fortsette arbeidet Vi er en uavhengig organisasjon uten statsstøtte som lever av kunnskap og engasjement. Målet er 3 BTC for å sikre videre drift og vekst. Bidra med BTC eller NOK her: bpinorge.no/vi-trenger-hjelp…

Bitmynt avatar
Bitmynt@bitmynt·11 Nov 2025

I morgon – onsdag 12 november klokka 18:14 – kjem eg til Litteraturhset i Oslo for å snakke med Professor Ola Mestad (UiO) og tidlegare olje- og energiminister Ola Borten Moe om næringsfridom. Morten Søberg er ordstyrar. Gatis og ope for alle. bpinorge.no/blog/arrangement…

Bitmynt avatar
Bitmynt@bitmynt·22 Oct 2025

I morgon klokka 11:45 til 14:00 trur eg er fyrste gong etter innføring av flytbasert marknadskopling at straumprisen er lik i heile landet. Landet er samla – vi kan alle klage på same pris i to timar! Mellom 13:30 og 14:00 er han faktisk lik i alle nordiske prisområde + NL og DE!

Post attachment